Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 14. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

To eksamensdagar i norsk

 (31.10.2008)

Elevane på 10. trinn som kom opp til norskeksamen i vår, hadde ein sams eksamensdag for hovudmål og sidemål. Kunnskapsdepartementet har no bestemt at den gamle ordninga med to eksamensdagar og to eksamenskarakterar skal takast opp att. -Ein siger for nynorsken, seier Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag.

Kunnskapsdepartementet fekk mange reaksjonar på ordninga med sams eksamensdag, og Utdanningsdirektoratet vart difor bede om å evaluere ordninga. Direktoratet si tilråding var å gå attende til den gamle ordninga, og no har Kunnskapsdepartementet bestemt seg for å fylgje den tilrådinga.

- Noregs Mållag er svært glad for at Kunnskapsdepartementet har avvikla ordninga med norskeksamen på ein dag i ungdomsskulen. Sams eksamensdag var ein freistnad frå den førre regjeringa på å svekkje statusen til nynorsk i skulen. Det er svært gledeleg at departementet no gravlegg dette åtaket på nynorsk, seier Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag.

– Også elevar og lærarar har slakta denne ordninga. I tillegg til at det er tunge faglege grunnar til å avvikle sams eksamensdag, er det fyrst og fremst bra at departementet no legg opp til ei eksamensordning som er i samsvar med den nye språk- og kulturpolitikken i Noreg: Å gjere alle skuleelevane til reelt tospråklege elevar. Dette er ein siger for nynorsken, seier Myklebust.

Les meir hjå
Kunnskapsdepartementet
Utdanningsdirektoratet

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no