Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

ABC vil starta nynorsk nettavis

 (04.11.2008)

ABC Startsiden fekk i 2005 målblome ifrå Noregs Mållag for å ha etablert Startsida.no. Til venstre Espen Udland og til høgre Bjørn-Olav Strand. No planlegg ABC Startsiden ei riksdekkjande nynorsk nettavis.

Selskapet står bak nettavisa ABCNyheter, som med 200.000 daglege brukarar er den femte største i Noreg.
– Det viktigaste er at det blir ei nettavis med høg kvalitet, seier Espen Udland til Bergens Tidende. Han understrekar at planane er veldig ferske. Det er difor enno ikkje sikkert om avisa blir ein realitet.

ABC Startsiden sin nettportal startsida.no kom i 2005 i eiga nynorskutgåve. For dette nybrotarbeidet fekk Espen Udland og ABC Startsiden målblome frå Noregs Mållag. Dette initiativet vart ikkje noko økonomisk suksess, og nynorskversjonen har berre 23.000 unike brukarar i veka. Dette er sjølvsagt svært lite samanlikna med bokmålsutgåva sine to millionar.
Sjefredaktør Espen Udland har no sendt ein førespurnad til Kulturdepartementet, der han ønskjer hjelp til å avklara om det er interesse for prosjektet, skriv Bergens Tidende.

Magni Øvrebotten, leiar for Nynorsk Mediesenter i Førde, seier til BT at ho er positiv til planane.
– At nynorsken kan få innpass som eit godt nyheitsspråk på nettet, er viktig. Der er det dårlege tilstandar samanlikna med stoda i radio og fjernsyn.


Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no