Det kan synest både rett og rimeleg at bygda som fostra «far» til nynorsken, Ivar Aasen, og som er sete for Aasen-tunet og Nynorsk kultursentrum, også kan skilte med sitt eige Ivar Aasen-hotell. Det skjer etter ei investering på 40 millionar kroner, der kapasiteten er utvida frå 40 til 75 rom, og med ein ny, stor bankett- og konferansesal. Inkludert er tre suitar. Ein kunstnarsuite, sjølvsagt, og ein Ivar Aasen-suite, medan den siste har fått namnet Saudehornet, oppkalla etter det høgaste fjellet i Ørsta, 1.303 meter over havet og åstad for eit velkjent idrettsarrangement første helga i august kvart år.
Designhotell– Eigarane våre satsar på design og særpreg, og det blir ikkje to heilt like rom på hotellet, fortel Bjørg Ekrem entusiastisk.
– Kvart rom skal ha sitt eige Ivar Aasen-sitat på veggen, og fire lokale kunstnarar får henge opp kunsten sin her. Fargane inne på romma skal harmonere med sjø og fjell, og romma vil bli møblerte i kombinasjon med kunsten på veggene. Det blir kjempefint.
Det er avdelinga til designfirmaet DFY (Design for you) i Ulsteinvik som har ansvaret for interiøret.
Lokale eigararHotell Viking Fjord vart opna i 1965, har hatt fleire eigarar opp gjennom tida, og har mellom anna vore kjedehotell. No er det selskapet Kamasi Holding som eig hotellet.
Bak dette eksotisk klingande namnet står tre forretningsmenn med solide røter i Ørsta og på Sunnmøre og med sans for merkevareprofil bygd på lokal identitet. Arbeidet er ikkje ferdig. Heile den gamle delen av hotellet skal pussast opp i same stilen. 1. mai skal Hotell Ivar Aasen vera nyoppussa og klart for dei nynorske festspela.
– Ja, vi har godt samarbeid med Nynorsk Kultursentrum og med Dei Nynorske Festspela. Når vi no har betra hotelltilbodet vårt, håpar eg vi kan utvide dette endå meir, seier Bjørg Eikrem.
Arne Sigurd Haugen, Nynorsk Pressekontor