Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Tilpassa undervisning på grunn av etternamn

 (14.11.2008)

Elevar som har norsk som fyrstespråk, har blitt plasserte i klassar saman med elevar med norsk som andrespråk av di dei har eit uvanleg etternamn. Oslo kommune hevdar at praksisen er endra.

Det var i samband med Språkdagen at Dagavisen kunne fortelje om Mina Adampour (21) som hadde vanleg norskundervisning på barnesteget. Men då ho skulle ta til på ungdomsskulen, vart ho plassert i ein NOA-klasse, som er ein klasse for dei som har norsk som andrespråk. Ho vart uroa og trudde det var noko ho hadde gjort gale, før ho skjøna at grunnen var namnet hennar. Adampour merka fort at ho låg på eit anna nivå enn dei andre, og fekk byte til ein vanleg norskklasse. Likevel gjekk ho offisielt i NOA-klassen i to år. I den vanlege klassen var ho den einaste som fekk seks i munnleg eksamen, og ho studerer no medisin ved Universitetet i Oslo.

Språkrådet bekymra
Sylfest Lomheim, direktør i Språkrådet, meiner at historia er urovekkjande og meiner at skulen ikkje kan sortere elevane etter namn og bakgrunn. Språkrådet kjenner til slik fleire døme ved ulike skular i Oslo. Skulane får økonomisk støtte for dei elevane som går i slike NOA-klassar, men Lomheim håpar ikkje at dette kan vere noko av motivet.

- Det må ikkje vere slik at elevane blir plasserte i NOA-klassar av di dei er ei inntektskjelde for skulane. Det er svært uheldig, seier Lomheim til Dagsavisen.

Sjå meir hjå Dagsavisen.

Historie
No har Oslo kommune gått vekk i frå NOA-klassar, og heretter skal ein test avgjere kva type norskundervisning eleven skal få.
- No fylgjer alle elevar i Oslo-skulen den ordinære læreplanen i norsk, seier direktør Astrid Søgnen ved Utdanningsetaten i Oslo til Dagsavisen.

- Om det verkeleg er slik at alle elevar i Oslo fylgjer den ordinære læreplanen i norsk og ingen får fritak frå sidemålsundervisning av di dei er fleirspråklege, så er jo det godt nytt, seier Arnøy, skulemålsskrivar i Noregs Mållag.

Under Språkdagen kunne ordstyrar Shabana Rehman likevel fortelje at det berre er veker sidan nevøen hennar hadde fått melding om at han skulle få forsterka norskopplæring trass i at han er norskspråkleg. Då foreldra klaga, vedgjekk skulen at guten hadde vorte vald ut på grunn av namnet og av di skulen ynskte økonomisk støtte, skriv Dagsvisen.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no