Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målpris til Kollbotn

 (21.11.2008)

Fagforeiningsleiar og politikar Terje Kollbotn har fått målprisen 2007 frå Odda Mållag.

Grunngjevinga for tildelinga var at Kollbotn i ei årrekkje var fagforeiningsleiar i Odda, og at nynorsk var skriftspråket hans, fortel Hardanger Folkeblad.
- Gjennom det sterke engasjement sitt kom Kollbotn også ofte i media, der han ordla seg på lokal dialekt og nynorsk. Gjennom denne medvitne målbruken fekk han vist at nynorsk er ein sjølvsagt og god arbeidsreiskap i fagforeiningsarbeid, heiter det i grunngjevinga.

-Eg set stor pris på å få Odda Mållag sin målpris. Tildelinga var både overraskande og ei stor ære for meg. Og grunngjevinga gir både meg og andre i det faglege og politiske Odda inspirasjon til å bli enno flinkare til å nytte nynorsk i skrift og tale, sa Kollbotn i si takketale i fylgje Hardanger Folkeblad.

Les heile takketalen her.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no