Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 14. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ambisiøse planar for Jon Fosse-arkiv

 (28.11.2008)

Det bør opprettast eit fysisk og digitalt arkiv som kan dokumentere den verdsvide utbreiinga av forfattarskapen til Jon Fosse.

Det føreslår Kirsti Mathilde Thorheim i boka Tyngda av ein forfattarskap. ”Det er mitt håp at eit norsk og internasjonalt publikum skal få oppleve og ta til seg mangfaldet av scenisk og språkleg rikdom som spring ut av denne forfattarskapen,” skriv Thorheim, som med denne boka avsluttar eit forprosjekt om Jon Fosse-arkivet.

I boka dokumenterer Kirsti Mathilde Thorheim forfattarskapen og utbreiinga, og legg fram mykje informasjon som ingen har hatt oversyn over før. Ho hentar lærdom og røynsler frå ulike dokumentasjonsprosjekt i inn- og utland, presenterer intervju med nøkkelpersonar frå fleire land, og kombinerer kunnskap frå mange felt i si perspektivrike framstilling.

Thorheim kartlegg behov og idear, og viser korleis Jon Fosse-arkivet må byggjast opp for å vere til glede og nytte for ei allmenn nasjonal og internasjonal kulturell offentlegheit – frå instruktørar og omsetjarar til forfattarar og journalistar, forskarar og teatergjester. Det trengst eit levande, fysisk arkiv som inneheld alt frå reginotat og plakatar til kritikkar og intervju. Jon Fosse-arkivet må også vere ein nettstad med dokumentasjon og informasjon på fleire språk.

Ein slik kunst- og kunnskapsbase vil bli eit internasjonalt pionerprosjekt. Resultatet kan bli Jon Fosse-rommet, staden for ny innsikt om forfattaren som diktar liv for heile verda.

Det Norske Samlaget, Det Norske Teatret og Nynorsk kultursentrum har gjennomført forprosjektet med støtte frå Norsk kulturråd og utgivingsstøtte frå Visjon Vest. Boka er no i sal.

Pressemelding Nynorsk Kultursentrum
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no