Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Blåmann Barnebokklubb på nettet

 (01.12.2008)

– Det er to grunnar til at me no går over til eit elektronisk tilbod. For det fyrste var Blåmann Barnebokklubb nøydd til å endre drifta. Bokklubben har nådd fleire kulturelle mål som til dømes at det no kjem ut fleire nynorske barnebøker, men ikkje greidd å få nok medlemer til å gå i økonomisk overskot. Målet har difor vore å halde fram tilbodet samtidig som det går rundt økonomisk, seier Stokke.

For det andre skulle Samlaget uansett lage ein nettbutikk saman med Trond Økland. Det opna opp for at me kunne gå over til nettet utan at det ville koste for mykje. No er dette ein overgang som ville ha kome uansett. Alle bokklubbar har no reine elektroniske medlemskap som eit alternativ til medlemsbladet, og det ville ha kome hjå oss før eller
seinare. Med lanseringa av Bokdykk kunne vi ta denne overgangen no.
– Kva skil dei nye nettsidene frå dei gamle?
– Dei gamle nettsidene var rett og slett ikkje gode nok for dei som handlar på nettet. Det var for lite automatikk og dynamiske løysingar. Dei tingingane som vart gjorde over nettet, vart sende ut saman med hovudbokutsendinga. Då kunne kundane i verste fall vente i tre veker på ei bok, seier Erle Stokke.

– Med det nye opplegget kjem dette til å gå mykje raskare fordi vi kan sende bøkene ut saman med Bokdykk. Som medlem vil ein få ei personleg side, og det vil bli mykje enklare å handle bøker. Dessutan vil bokklubben vere
integrert med Bokdykk, slik at det er råd å søkje etter og kjøpe alle norske barnebøker. Det fi ne er at ein då vil
få bokklubbrabatt på dei òg. Som medlem vil ein få tilsendt tilbod om hovudbok som før, men no på e-post. Men ein kan handle bøker når ein sjølv vil.

– Så det blir ikkje meir medlemsblad?
– Me kjem til å ha ein overgangsperiode, der me køyrer parallelt. Men på sikt vil me kutte ut medlemsbladet heilt. Det kostar for mykje å lage, og det kostar for mykje å sende ut. Dei store bokklubbane har begge delar, slik at ein sjølv kan velje om ein vil ha medlemsbladet. Men me er ein for liten klubb til å kunne gjere det.
– Er det eit problem?
– Ideelt sett ville eg jo ha gitt eit slikt tilbod sjølv, og det er klårt at ein mistar den direkte kontakten med ungane. Samstundes er det mykje som blir betre med denne løysinga, både for oss og for kundane. Netthandel blir jo meir og
meir vanleg, og eg trur me kan få fl eire medlemmer.
– Korleis då?
– Ved at tilbodet blir betre. No får ein jo tilgang til alle norske barnebøker, og ikkje berre dei Blåmann gjev ut. Og ein kan kjøpe dei med rabatt, seier Erle Stokke.

Artikkelen har stått på trykk i Norsk Tidend 5 / 2008.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no