Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 14. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nes Mållag i Telemark er 100 år!

 (02.12.2008)

Fem år før dei norske kvinnene fekk allmenn stemmerett hadde Nes Mållag vedtekter som kravde at av dei seks styremedlemmene skulle det vere tre menn og tre kvinner. I jubileumsåret har laget ei kvinne som leiar, Solveig Svardal.
– Språket er ein viktig del av identiteten vår, og ein sterk lokal identitet og stoltheit er eit viktig grunnlag for å utvikle gode stader å bu, som er attraktive å flytte til og bli verande i. Sauherad profilerer seg som eit sant eventyr, og dette mottoet går att i fleire av jubileumsarrangementa, seier Solveig Svardal.

Eventyr, mat, song og språk
Jubileet vart feira og markert på ymse vis. Det vart laga skrivekonkurranse for elevane i ungdomsskulen, med eventyr som tema. Den heldige vinnaren vart kåra på Norsk Eplefest, og vinnaren fekk eit eple; ein Apple iPod av finaste slag. Eilev Groven Myren har omsett Ringdrotten og Hobbiten til nynorsk. I omsetjinga har han gjort bruk av ulike norske dialektar, mellom anna raulandsdialekt og hallingmål. Språkinteresserte, Tolkienentusiastar og eventyrinteresserte fekk ein underhaldande kveld på Kjernehuset. Telemarksbudeia framfor nokon, Bodil Nordjorde, kåserte om mat og mattradisjonar frå 1908 fram til i dag. Det vart smaksprøver og høve til å kjøpe gode, gamle rettar. Og Nes frilynte ungdomslag inviterte til songkveld med songar frå den same perioden. Fredag 4. oktober var sjølve jubileumsdagen, då kom Sylfest Lomheim og heldt føredrag om språket vårt frå 1908 fram til i dag. Målprisen vart delt ut til lyrikar Liv Holtskog, medan det var Aslak Gunnheim som fekk heidersprisen til Nes Mållag for eit viktig arbeid gjennom mange år. Kvelden hadde også sjølvsagt jubileumsmiddag og underhaldning med ungdom frå bygda.

Kjernehuset
Nes Mållag er eit av få mållag som framleis eig fast eigedom.
– Vi eig Kjernehuset på Gvarv. Kafeen blir driven av eit egyptisk par, og er open for servering av middag, kaffi og enkle rettar. I andre høgda er det fine lokale for møte, kurs, selskap og andre samlingar. Mållaget håpar etter kvart at Kjernehuset vil kunne fungere som eit grendehus og vere med på å vitalisere Gvarv sentrum, fortel Solveig Svardal.

Artikkelen er henta frå Norsk Tidend 5 / 2008.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no