Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Høyring om parallellutgåver

 (03.12.2008)

Utdanningsdirektoratet har no sendt ut eit framlegg til endringar i forskrift til opplæringslova kapittel 17 - "Kravet om språkleg parallellutgåve" til høyring. Forslaget er arbeidd fram av Utdanningsdirektoratet på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.

Bakgrunnen for framlegget er at forskrifta ikkje har vore presis nok og dermed har det blitt eit rom for tolkingar. Direktoratet har difor stramma opp og gjort slingringsmonnen mindre. I framlegget blir det presisert at digitale læremiddel ikkje er unnateke kravet om parallellutgåver. Vidare plasserer framlegget at ansvaret klårt ligg hjå skuleigar, og at det ikkje vil bli gitt unnatak på grunn av få brukarar i kommunen eller i fylket. Det er elevtalet på landsbasis som skal vera utgangspunktet. I fag med mindre enn 300 elevar, vil det bli gitt høve til å søke om unnatak.

Frist for innsending av høyringsfråsegner er 25. februar 2009.

Les framlegget her.

Høyringsinstansane

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no