Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 14. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nettbokhandel med nynorsk profil

 (03.12.2008)

Det er dagleg leiar i bokdykk.no, Anne Sophie Juel og marknadssekretær Siv Merethe Hatlem som utgjer den relativt
nytilsette staben på bokdykk.no i Florø. Norsk Tidend kom på vitjing ei dryg veke før lansering av nettbokhandelen. Framleis var det mykje å gjere klart og mykje å hugse på, men fyrst og fremst gledde dei seg til å lansere bokdykk.no.

Fellesinvestering
Det er Det Norske Samlaget og investor Trond Økland som har gått saman om å lage nettbokhandelen bokdykk.no. Trond Økland er frå Florø, og for ei tid tilbake selde han seg ut av ein tradisjonsrik familiebokhandel. Dei frigjorde midlane vil han bruke som investor, og gjerne lokalt. Det er den viktigaste grunnen til at den nye nettbokhandelen ligg i Florø.
– Det er klart vi kunne vore i Oslo, men det er viktig for oss å vere annleis. Her i Florø får vi mykje merksemd. I tillegg
gjev det truverde å etablere oss i det nynorske kjerneområdet, seier Anne Sophie Juel. Bokdykk.no har inngått avtale
med Fagbokforlaget i Bergen. Derifrå skjer all distribusjon og utsending av bokpakkane.

Frå Oslo
Det var ikkje heilt sjølvsagt at Anne Sophie Juel skulle gå for denne jobben. Ho kom frå jobben som redaksjonssjef i Cappelens Bokklubb i Oslo. Då ho såg utlysinga i Dagens Næringsliv, så tenkte ho at «denne jobben er heilt ideell for meg». Men det vart med tanken. Inntil ho kom i kontakt med eit rekrutteringsbyrå.
– Eg har arbeidd ti år i Cappelen med tilsvarande arbeidsoppgåver som i bokdykk.no, og eg var eigentleg på utkikk etter noko nytt, smiler Anne Sophie Juel. Trass i at ho har ein partnar frå Svelgen, som ikkje vil tilbake til det regnvåte Vestlandet, slo ho til på jobbtilbodet, og pendlar mellom Oslo og Florø. No har ho nynorsk som arbeidsspråk, og legg til at det skiftet vart gjort på dagen.

Godt miljø
I Florø Næringshage er det eit vitalt miljø. Då bokdykk.no trong å etablere seg med kontor i Florø var det eigentleg aldri tvil. Det måtte bli i næringshagen.
– Fyrste gong eg var her for å sjå på kontorlokale, så stod ein heil gjeng her i fellesområdet og steikte svele på ei takke. Dei sa at det var sånn dei gjorde kvar fredag. Eg var heilt seld, smiler Anne Sophie Juel. Seinare har det synt seg at det vart visst med den eine fredagen. Men det har vorte vaffelsteiking på fredagar, og til jul er det klart
for julebord. For ein liten stab på to er det både kjekt og nyttig å vere ein del av ein større fellesskap.

Nynorsk nettsatsing
Hovudideen bak den nye næringslivssatsinga er å lyfte fram nynorske bøker. Sjølv om nynorskforlaget Samlaget står
bak som eigar, har bøkene deira langt frå nokon særfordelar.
– Vi vil skilje oss ut frå andre nettbokhandlar ved at vi framhevar bøker skrivne på nynorsk. Men kundane vil ha alt på éin stad. Difor skal vi vere ein nettbokhandel der ein kan tinge alle slags bøker på både nynorsk og bokmål, fortel Anne Sophie Juel.
– På bokdykk.no vil vi også ha mykje spennande redaksjonelt innhald om nynorske forfattarar og bøker. Dette skal vere eit tilbod til alle, seier Siv Merethe Hatlem.

Artikkelen har stått på trykk i Norsk Tidend 5 / 2008.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no