Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kari Traa fekk Nynorsk næringslivspris 2008

 (05.12.2008)

Noregs Mållag har gjeve Nynorsk næringslivspris til Kari Traa A/S. Prisen skal gå til ei verksemd som heilt eller delvis nyttar nynorsk i marknadsføring og anna kundekommunikasjon.

- Ved å nytta nynorsk i marknadsføringa av sportstøy har Kari Traa og selskapet hennar vist veg for næringslivet. Gjennom dette bidreg ho til at nynorsk får ein tydeleg identitet som marknadsføringsspråk, seier juryleiar Berit Rekve.

- Tusen, tusen takk, sa Kari Traa under prisutdelinga i Det Norske Teatret i Oslo.
- Det har vore heilt logisk å bruke nynorsk sidan både folka bak Skigutane og eg sjølv kjem frå Voss. Det var jo nynorsk me kunne. Men etterkvart har denne vesle verksemde vakse seg stor. Fyrste året omsette me for 3 millionar i året, no nærmar det seg 80 millionar. No har det vorte enno viktigare å understreke at det er nynorsk som er språket vårt, både utover og internt, sa Traa.

Juryen si grunngjeving
"Vinnaren av Nynorsk næringslivspris 2008 sel klede i ein bransje med sterk konkurranse, og kolleksjonane og personen Kari Traa vender seg til ei ung målgruppe. Kari Traa AS nyttar nynorsk i eit viktig og landsdekkjande nedslagsfelt, og gjennom aktivitetar med ein sterk merkeprofil. Slik gir verksemda nynorsk ein tydeleg identitet som marknadsføringsspråk."

I tillegg til juryleiaren er desse medlemer i juryen for 2008: Jørn Lekve (direktør for informasjon og samfunnskontakt Sparebanken Vest), Christian Sulheim (tidlegare konserndirektør ICA Norge og bonde, representant for Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon) og Anne Karin Sveinall (rektor ved Adolf Øien videregående skole og tidlegare direktør i Fokus Bank) og Liv Krumsvik (leiar for Nordmøre Mållag)

Tidlegare vinnarar: Lerum AS (2006), Hotel Alexandra, Loen (2007). Les meir om prisen og tidlegare vinnarar på nettsidene om Nynorsk næringslivspris

----------------------------------------------
Kontaktpersonar:
Berit Rekve, juryleiar, leiar for Mediemållaget, 958 70 611 (m)
Hege Myklebust, leiar Noregs Mållag, 928 16 136 (m)
-----------------------------------------------

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no