Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

For dyrt med nynorsk Office

 (08.12.2008)

Dei tilsette ved Helse Vest og ved NAV Sogn og Fjordane må bruke bokmålsversjonen av det populære dataprgrammet.
- Det er teknisk mogeleg å setje det opp med nynorsk, men det ville gjeve oss auka kompleksitet og dermed også auka kostnader, seier Erik M.Hansen, administrerande direktør i Helse Vest IKT til NRK Møre og Romsdal.

Leiar i Noregs Mållag, Hege Myklebust, reagerer på opplysningane.
- Eg synest det er litt underleg at dei store offentlege arbeidsplassane i typiske nynorskområde ikkje vel å bruke nynorskversjonen. Både vi og andre nynorskbrukarar har klaga på at det ikkje har vore tilgjengeleg programvare. Så når det no er tilgjengeleg på nynorsk, er det merkeleg at det ikkje blir teke i bruk, seier Myklebust til NRK Sogn og Fjordane.

Les heile saka her.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no