Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Bryt mållova

 (15.12.2008)

Minst 116 av 155 statlege organ bryt mållova. Av desse har mellom 30 og 50 mindre enn fem prosent nynorsk i tekstmateriale på papir, skriv Bergens Tidende.

Tala stammar frå Språkrådet sine rapportar for 2007 om fordelinga av målformer i landsdekkjande, statlege organ. Dette inkluderer blant anna alle direktorat, tilsyn og statlege utdanningsinstitusjonar. Tala gjeld det som blir trykt på papir, men ikkje det som er på internett. Språkrådet meiner i fylgje avisa at det likevel er råd å sjå ei positiv utvikling.
– Men det er klart det framleis er for dårleg. Nokre organ er heilt nede i null prosent, og det er me slett ikkje nøgde med, seier fagkoordinator i Språkrådet, Sigfrid Tvitekkja til avisa.

For mykje nynorsk ved Universitetet i Bergen
Språkrådet har sendt brev til Universitet i Bergen med melding om at dei bryt mållova ved å ha for høg nynorskprosent.
– Me er ikkje akkurat kjempeleie oss for at det slår ut denne vegen, seier formidlingsdirektør Torny Elisabeth Aarbakke til Bergens Tidende.
– Nynorsk er heldigvis ei naturleg målform å bruka på UiB. Me får ikkje tilbakemeldingar frå studentar eller andre på nynorskbruken, seier Elin Folgerø Styve i formidlingsavdelinga.
Også Høgskulen i Sogn og Fjordane har for mykje nynorsk i større dokument, med 84 prosent.

Les meir

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no