Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Sterk vekst for nynorsk Wikipedia

 (16.12.2008)

Laurdag i førre veke passerte Wikipedia på bokmål og riksmål 200.000 artiklar. Men nynorskutgåva heng godt med sine 43.000 artiklar.

Det gjer at Wikipediautgåva på bokmål og riksmål er mellom dei femten største i verda, målt i tal på artiklar. I Norden er det berre den svenske utgåva som er større. Nynorskutgåva er større enn den islandske som har 24.000 artiklar.

Nynorsk Wikipedia byggjer på wikikonseptet. Det vil seie at alle som ønskjer det kan skrive nye artiklar eller endre gamle artiklar som dei ønskjer det. Med andre ord kan ein seie at Nynorsk Wikipedia er eit dugnadsprosjekt mellom fleire tusen registrerte brukarar og eit ukjent tal av uregistrerte brukarar. Tilsvarande prosjekt finst på over 200 andre språk.

Nynorsk Wikipedia

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no