Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Prestisjetung pris til Skald forlag

 (18.12.2008)

Kokeboka Fru Ingrid på Røisheim frå Skald forlag er nasjonal vinnar av GOURMAND WORLD COOKBOOK AWARDS 2008. Gourmet for folket frå Samlaget fekk prisen for beste norske debut.

Det vart stor jubel hjå dei tilsette i Skald forlag då dei onsdag morgon fekk vite at den nyleg utgitte kokeboka "Fru Ingrid på Røisheim" har vunne den renommerte Gourmand-prisen i Norge.
– Det er flott at arbeidet vårt vert sett pris på, seier Lars Nes og smiler stolt. Forlaget har i år satsar mykje på å gjere bøkene til ei heilskapleg leseoppleving, der både innhaldet, utsjånaden, papiret og innbindinga er nøye vurdert.
Boka har vunne i prisen for "Best Woman Chef", og det er i denne kategorien ho kjem til å tevle om verdsmeistertittelen.

Deltek i verdsmeisterskapet
Den påkosta praktboka, innbunden i tekstil, er med dette også nominert til tevlinga om Gourmand sin prestisjepris "Gourmand Awards: The Best in the World". Vinnaren vert offentleggjort i mai neste år under den årlege internasjonale gallamiddagen.

Fjerde pris til Skald i år
Det har vore eit år med mange prisar for Skald. Forlaget har tidlegare i år vunne sølvprisen i "Årets vakraste fotobok" for praktboka "Sogndal – eit portrett av ein tettstad" samt Nynorsk barnelitteraturpris for "Godnattboka – nynorske forteljingar". I førre veke fekk Skald dessutan Språkrådets pris for god namnevett.
– Det kjekkaste med alt dette er at vi i tillegg kosar oss veldig med å lage desse bøkene, seier forlagsredaktør Simone Stibbe og fortel at det ikkje vert noko Skald-bok utan at ein av redaktørane brenn for eit prosjekt. – Dei er hjartebarna våre alle saman, og då er det ekstra flott at også andre likar bøkene våre.

Samlaget heidra
Ole Jonny Eikefjord si kokebok Gourmet for folket er kåra til beste norske debut-kokebok av den renommerte Gourmand-Awards. Ole Jonny Eikefjord er kjend for dei populære Oslo-restaurantane Eik, Eik Annen Etage og Fjord, og i denne flotte kokeboka presenterer han enkle treretters menyar som er overkommelege å lage for folk flest.

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no