Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

- Elevar bør kunne velje mellom nynorsk og samisk

 (19.12.2008)

Foto: regjeringa.no
- Eg er for å ha to skriftspråk, det er ein viktig del av norsk kultur. Men i samiske område er det på sin plass at elevane skal kunne velje mellom samisk og nynorsk, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen i fylgje avisa Finnmarken.

Det var etter ein artikkel som ungdomskuleelevar ved Vadsø vidaregåande hadde skrive i avisa, at Pedersen vart beden om å kommentere om kor vidt ein burde få nynorsk- eller samiskundervisning. Artikkelen hadde tittelen "Hatar nynorsk".

Helga Pedersen er leiar i programkomiteen til Arbeiderpartiet, og dei vil i fylgje Finnmarken gjere framlegg om at alle grunnskuleelevar i Finnmark skal få tilbod om å ha samisk som andrespråk.
- Dette er noko finnmarkspolitikarane har vore opptekne av, men der har ikkje vore ein del av den statlege politikken. Men no er det tid for endring, meiner Pedersen.

Det Pedersen truleg kommenterer, er høvet til å velje samisk som andrespråk utanfor det samiske forvaltningsområde. No er det slik at ein berre kan gjere det om ein kan syne til ein samisk etnisitet. Og har ein samisk som andrespråk, mister ein altså sidemålsundervisninga.

Slår inn ei ope dør
Avisa hevdar at ein må ha samisk som fyrstespråk om ein skal sleppe norsk sidemålsundervisning.
- Eg skjønar ikkje denne sytinga, for dei som har samisk som andrespråk på skulen, er jo allereie fritekne frå norsk sidemål, seier Jon Todal, styremedlem i Noregs Mållag.

- I ungdomsskulen kan ein òg velja samisk som framandspråk. Men ingen framandspråk gjev fritak for norsk sidemål. Sannsynlegvis krev elevane å bli fritekne frå nynorsk av di dei har valt samisk som framandspråk. Det er vanskeleg å få fram denne skilnaden på andrespråk og framandspråk i media, men det burde ikkje vera umogleg, seier Todal.

Les Hatar nynorsk
Les Helga støtter Vadsø-elevene

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no