Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Men fleire som vel bokmål på vestlandet

 (05.01.2009)

Talet på bokmålselevar i grunnskulen aukar og talet på nynorskelevar blir mindre. Vestlandet er ikkje noko unnatak. Det fortel tal frå Grunnskolenes informasjonssystem (GSI).

Dei siste ti åra har det blitt 41.000 fleire elevar med bokmål som hovudmål og 6000 færre med nynorsk. Sterkast står nynorsken i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Der finn ein 9 av 10 av dei som har nynorsk som hovudmål. I desse fylka har det frå 1999 til 2008 blitt 11.000 fleire bokmålselevar og 3000 færre nynorskelevar.

- Vi som er glade i nynorsken må innsjå at mange tenkjer at framtida ligg i bokmålet. Dette er ei utvikling vi må greie å snu, seier leiar for Norsk Målungdom, Jens Kihl til Bergens Tidende
- Det er først og fremst demografien som taler mot oss. Folk flyttar frå nynorsk- til bokmålskommunar. Det må ein i første rekkje sjå i samanheng med mangelen på ein kraftfull distriktspolitikk. Det er neppe på grunn av nynorsken dei flyttar.

Kihl peiker på at det ligg stor utfordringar i skulen.

- Når det manglar lærebøker, og elevane får lærarar som ikkje er i stand til å undervise på elevens hovudmål, er det ikkje rart om mange vel bokmål. Får elevane god opplæring, gode lærebøker og lærarar som både er stolte av og gode i målforma si, vil det bety mykje, seier Kihl til avisa.
 

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no