Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Godt år for Aasentunet

 (07.01.2009)

- Med breiare fagleg arbeid og 33 % fleire gjester blei 2008 det beste driftsåret til no for Ivar Aasen-tunet, seier direktør Ottar Grepstad.

Ivar Aasen-tunet stod i 2008 for nesten 400 arrangement og utstillingar i 34 kommunar landet rundt. Omsetninga auka med 10 % til 13,4 mill. kr. Gjestetalet auka til 22 300, og nær 300 000 unike brukarar gjesta nettstaden www.aasentunet.no.

Eit viktig og populært tilbod i 2008 var Lurivars nettsongbok med mange nye og gamle nynorske barnesongar. Både barnehagar, skular og privatpersonar bruker denne tenesta flittig. Berre i desember sende over 2000 personar frå heile landet inn svar på adventskonkurransen til tunkatten Lurivar.

I dialog med mange land
- I åra frametter skal vi bli ein kulturinstitusjon i dialog med mange land, seier Grepstad. Difor skal omsetjing og gjendikting prege Dei nynorske festspela 2009, som opnar onsdag 24. juni.

Internasjonalt blir også det Jon Fosse-arkivet som Det Norske Samlaget, Det Norske Teatret og Ivar Aasen-tunet i 2009 vil arbeide for å få til. Kirsti Thorheims innhaldsrike forprosjektrapport har alt vekt stor interesse både i Stortinget, Kultur- og kyrkjedepartementet og Oslo kommune.

Store prosjekt
Ivar Aasen-tunet blir i 2009 prega av mange museums- og språkfaglege prosjekt.

Dei er alt i gang med å planleggje 200-årsjubileet for Ivar Aasen i 2013. - Forfattarjubilea har stivna i forma. Vi vil difor gjere dette til Språkåret 2013, eit år som skal gjere nordmenn språkleg rausare med kvarandre, seier Grepstad. Målet er at alle skal vere stolte av at vi har to norske målformer og sjå kva verdi dette har for dei sjølve, og at bokmålsbrukarane blir like stolte av nynorsk som nynorskbrukarane er.

Nynorsk faktabok er blitt den største faktadokumentasjonen av eitt språk. Boka kjem i ny utgåva i 2009 og inneheld mellom anna mykje nytt stoff om språk frå heile verda. - Å dokumentere språksituasjonen jorda rundt er med og gjer nynorsk til det alminnelege språket det er, seier Grepstad.

Utfordrande for nynorskbrukarane
- Nynorsk må vere tilgjengeleg der folk er. 2008 blei ei påminning om kor mykje som må gjerast for at det skal bli lettare å vere nynorskbrukar, meiner Grepstad. - Difor ventar vi at eit breitt fleirtal i Stortinget bruker språkmeldinga frå regjeringa Stoltenberg til å samle seg om språkpolitiske tiltak som blir gjennomførte same kva regjering stortingsvalet til hausten gir.

Mest utfordrande er situasjonen for borna. I årstalen om tilstanden for nynorsk skriftkultur framheva Grepstad rolla til barnehagane og peika på at verken NRK eller andre tv-stasjonar gjer godt nok arbeid med å tilby barneprogram på dialekt og nynorsk. - Born treng fleire og meir varierte tilbod enn alle dei gode barnebøkene på nynorsk, seier Ottar Grepstad i Ivar Aasen-tunet.

Pressemelding Nynorsk Kultursentrum
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no