Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vårlista frå Samlaget klar

 (07.01.2009)

På vårlista frå Samlaget finn du mellom anna ein ny roman frå Anna Gavalda, alle Frode Gryttens noveller samla i ei bok, to skjønnlitterære debutantar, Brit Bildøen med essays om litteratur, sterk personleg historie frå Arnfinn Norbø om å stå fram som homofil i bedehusmiljø, politiske debattbøker og den dramatiske Tafjordulykka gjenfortald.

I mars kjem endeleg ein ny roman frå Anna Gavalda med tittelen Trøsterunde, omsett av Tove Bakke. Dette er ei bok med mykje humor og samstundes ein stor roman om kjærleik. Boka handlar om ein Paris-arkitekt, ein familiemann på 46 år, som får livet sitt snudd på hovudet når mora til ein barndomsvenn dør. Som bestselgarromanen Saman er ein mindre aleine, handlar Trøsterunde om å finne meininga i tilværet, om håp og nye sjansar. Som Gavalda utrykker det: "Den verkelege familien sin finn ein undervegs". Boka har fått strålande kritikkar i dei landa ho har kome ut. Le Monde skreiv: ”Anna Gavalda er ein strålande forteljar, full av idear og humor; ho leikar med lesaren og klarer samtidig, på uimotståeleg vis, å trekke han inn i historia.”

Alle Frode Grytten sine noveller kjem for første gong samla i eitt bind. Vakre, melankolske og minneverdige noveller. Erfarne Brit Bildøen kjem med essaysamlinga Litterær salong der ho deler engasjerande og underhaldande lesingar av forfattarar som Halldis Moren Vesaas, Doris Lessing, Carol Shields og Gertrude Stein. Den nye friske forfattaren og journalisten Agnes Ravatn kjem også med essaysamling, Stillstand. Sivilisasjonskritikk på lågt nivå, der ho med skrått blikk oppsøker stader der ingenting skjer. Ravatn er frekk, lur, observant og morosam, og har på kort tid fått ein trufast fanskare.

Skjønnlitterær debutant Sigri Sandberg Meløy står saman med designkollektivet Motorfinger bak den eksplosive og fabulerande biletboka Ballongmamma. Gaute M. Sortland debuterer med romanen Johan, ei sterk forteljing om det å miste nokon nær deg og å leve vidare. Ungdomsbokforfattar Ingelin Røssland kjem med bok nummer to i den fartsfulle trilogien om journalisten Engel Winge, Engeljakt er tittelen. Svein Børge Hoftun si bok Full pott i hjerter er ei intens forteljing om eit brødrepar som tek ansvar for eige liv, om abdiserte foreldre og to tenåringsgutar som fell for kvarandre.

Arnfinn Nordbø stod fram som homofil etter mange år som kristen sangstjerne og forkynnar. I Betre død enn homofil fortel han sterkt og personleg om det å vekse opp i skapet i bedehus-Norge og å bli avvist av familie og vener då sanninga kom fram. Vi får innblikk i eit for mange lukka miljø, korleis konservative kristne ser på det å leve blant syndarar og kvifor mange fordømer homofile.

I Dommedagsfjellet – Tafjordulykka 75 år etter fortel Astor Furseth historia om ulykka i tekst og bilete, om den dramatiske ulykkesnatta, den store mediedekninga og skredforskninga som ulykka utløyste.

To politiske debattbøker kjem ut i god tid før valet i haust. Morten Søberg si bok Essay frå Stortinget. Om personar, politiske fenomen og spelereglar er ei personleg og openhjarta debattbok om formelle og uskivne reglar frå innsida og bak kulissane i norsk og amerikansk politikk. Svein Tuastad kjem med essaysamlinga Fridom, likskap og BMW. Ein slags ”Ap-koden” der Tuastad tek opp utfordringane til venstresida og stiller spørsmålet ”Kva kan politikarane gjere når folk har alt, men det er også alt dei har?”

Pressemelding Samlaget
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no