Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Kurs med born og språk i sentrum

Med song skal skrifta lærast

 (08.01.2009)

Kurset blir arrangert på Aure barne- og ungdomsskole 13.februar kl. 09.00 – 15.00, litt kaffi ved oppmøte og lunsj midt på dagen.

Kursinnhald:
Songdelen: Kurset vil ta utgangspunkt i bøkene ”Enno så segla ho Magnill” (Nordmøre Mållag) og ”Syng sjøl” (Selja forlag). Kursdeltakarane skal få lære eit utval av tradisjonssongar, rim og regler og songar på nynorsk.

Kurshaldarane vil vise ulike måtar å presentere dette stoffet på:
• som songleikar
• regler som utgangspunkt for rytmisk leik, f.eks rapping
• tulleregler som høver for læring utaboks
• songar, rim og regler som utgangspunkt for små rollespell, veksellesing og talekor.

Litteraturdelen:
Presentasjon av aktuell nynorsk barnelitteratur og aktuelle nettstader som gjev praktiske idéar til lærarane.

Kurshaldarar:
Lone Eines, Audun Gikling og Øystein Sandbukt. Kurshaldarane er eller har vore ein del av staben ved Sunndal kulturskole. Dei arrangerte eit tilsvarande kurs på Sunndalsøra på januar 2008.

Lone Eines er utdanna vokalpedagog og har i ei årrekkje drive som korinstruktør, songar og dirigent.
Audun Gikling er utdanna lærar med fordjuping i drama. Har etter kvart skaffa seg stor erfaring i tekstarbeid i lag med born og unge.
Øystein Sandbukt er utdanna gitarist ved Raulandakademiet. Har markert seg som svært dyktig gitarist med særleg fokus på tradisjonsmusikken.
Nils Ulvund sin kompetanse er i denne samanheng utvikla ved at han har vore tillitsvald i alle organisasjonsledda i Noregs Mållag. Han er og lærar.

Kurset høyrer til i prosjektet ”Born og språk ” som er ein del av ”Nynorsk for alle”, informasjon på heimesida til Nordmøre Mållag. Elevane møter bokmål i mange samanhengar, alle elevar treng å møte møte meir nynorsk, også i song. Utdanningsdirektoratet rår til ulike møte med nynorsk, jamfør brevet frå direktoratet.

Kursavgift: 400,- per deltakar, faktura blir utlevert på kurset. Kvantumsrabatt kan avtalast om det er aktuelt!!

Påmelding: Helst innan 5. februar 2009. Ring/skriv til Nordmøre Mållag v/ Nils Ulvund 6622 Ålvundfjord, e-post: nils.ulvund@sunndals.net ,
tlf: 90 02 7161, 7169 8288, 71 69 97 30 ( arb.) For eventuell ettersending av kursnotat, bør e-postadresse noterast på påmeldinga.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no