Fylkesdirektør Ingebjørg Erikstad ynskjer å styrke nynorsken i Sogn Fjordane. Målet er å gjere den til ei merkevare og eit konkurransefortrinn. Eit av framlegga er i skipe til eit nynorskforum i samarbeid med KS, NRK og HiSF.
Hovudutvalet for kultur vil den 21. januar ta stilling til fylkesdirektør Ingebjørg Erikstad sine mange framlegg til tiltak når dei skal handsame handlingsprogrammet for 2009. Sommaren 2008 vedtok Fylkestinget Kulturstrategi for Sogn og Fjordane fylkeskommune. Oppfølginga kjem no i form av 52 konkrete tiltak som fylkesdirektøren ønskjer å realisere i 2009.
Handlingsprogrammet omfattar tiltak i heile kultursektoren i fylkeskommunen, samt samspelet med andre sektorar og eksterne aktørar.
Nynorsk er eitt av dei prioriterte områda. Målet er å auka medvitet, styrka det nynorskspråklege kulturtilbodet og syte for at elevane får dei nynorske læremidla dei har krav på. Ein vil arbeide for at Språkbanken skal hamne i fylket, og halde fram med å støtte den nynorske littereturen gjennom m.a. Litteraturdagane i Aurland og Jacob Sande-selskapet.