Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

- Skivebom!

 (06.02.2009)

– Å fjerna norsk som obligatorisk fag i lærarutdanninga som rettar seg mot ungdomsskulen er fullstendig skivebom frå regjeringa. Dette går heilt på tvers av satsinga på lesing og skriving som grunnleggjande dugleikar, seier Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag.

I Stortingsmeldinga Læreren – rollen og utdanningen som vart lagt fram i dag, gjer departementet framlegg om å dela lærarutdanninga i to, slik at studentane utdannar seg til lærar for 1.-7. steget, eller 5.-10. steget. Framlegget er at det einaste obligatoriske faget i ungdomsskulelærarutdanninga er eit utvida pedagogikkfag.

– Dette skiljet støttar me fullt ut, og det er ein stor styrke at studentane skal fordjupa seg fagleg når dei skal undervisa i ungdomsskulen. Men norskfaget står i ei særstilling i norsk skule, og det gjennomsyrer alle dei andre faga. Å meistra norsk, bokmål og nynorsk, skriftleg og munnleg er ein føresetnad for å lukkast i skulen og i arbeidslivet elles. Difor bør alle som skal bli lærarar, same kva fag dei elles underviser i, få opplæring i norsk i lærarutdanninga, seier Hege Myklebust.

– Regjeringa har nett brukt store ressursar på å utvikla og implementera ein ny læreplan der det er understreka at lesing og skriving er grunnleggjande dugleikar i alle fag. Alle lærarar må kunna jobba med språket og tekstane til elevane, å fjerna norskfaget som obligatorisk fag vil føra til at dei nyutdanna lærarane har eit dårlegare grunnlag for å gjennomføra dette. Har regjeringa tenkt å endra heile læreplanen alt no? spør Hege Myklebust.

Noregs Mållag er nøgd med at det er eit krav om 60 studiepoeng norsk for å kunna undervisa i norsk på ungdomssteget, men meiner det er eit feilskjer å fjerna norsk som obligatorisk fag for dei same lærarstudentane.

– Departementet burde i staden ha sett på innhaldet i norskfaget, og endra det i tråd med dei grunnleggjande dugleikane i skulen: Det burde vera eit obligatorisk norskfag med vekt på lese- og skriveopplæring, sjangerlære og teksttypar i ulike fag, meiner Hege Myklebust.


For meir informasjon: Leiar i Noregs Mållag Hege Myklebust 928 16 136
Klikk på biletet for stor versjon.

Pressemelding Noregs Mållag
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no