Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Strid om skulemålet på Gvarv

 (11.02.2009)

Rådmannen på Gvarv vil gjere bokmål til opplæringspråk i skulane for å spare pengar. Utvalet for oppvekst og omsorg sende saka i retur for betre utgreiing.

- Saka er altfor enkelt framstilt og krev mykje betre utgreiing enn den som ligg på bordet no. Det hastar heller ikkje. Det vil uansett ikkje ha noko å seie for dette skuleåret, seier leiar i Utval for oppvekst og omsorg, Heine Aarhus (V) til avisa Varden.

Rådmann Peder Rekkedal meiner at Gvarv har utvikla seg til ein bokmålskrins og at ein må ta omsyn til det når ein no skal ruste opp skulen. Han meiner at språkdelinga vil krevje fire ekstra klasserom og at det vil føre til ekstra utgifter. I tillegg kjem i fylgje rådmannen ei utgift på opp mot ein million i året ved å ha nynorsk som skulemål ved Gvarv skulane.

- Påstandane om innsparingar er ikkje dokumentert i det heile, seier Heine Aarhus til avisa.

- Dette er inkje anna enn eit rote åtak mot nynorsk, seier Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag.
- I saksutgreiinga spekulerer rådmannen i at kommunen vil spara pengar dersom det vert byte frå nynorsk til bokmål på Gvarv skule. Då tenkjer rådmannen seg at det ikkje vil verte språkdelingsklassar etter eit eventuelt målbyte på skulen. Det veit rådmannen ingenting om – kvifor skulle det ikkje verte språkdelingsklassar om hovudmålet på skulen vert bokmål, spør Myklebust. Det er i det heile veldig underleg at ein rådmann aktivt blandar seg opp i kva som bør vere fyrste opplæringsmålet på ein skule. Me har bede fylkesmannen i Telemark vurdere åtferda til rådmannen, seier Myklebust.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no