Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vinje samd med Mållaget

 (17.02.2009)

Foto: NRK

Noregs Mållag har kritisert den nye Stortingsmeldinga Læreren – rollen og utdanningen. No får dei støtte av Finn Erik Vinje.

Det omstridde framlegget er at det einaste obligatoriske faget i ungdomsskulelærarutdanninga skal vere eit utvida pedagogikkfag.

–Alle som skal bli lærarar, same kva fag dei elles underviser i, bør få opplæring i norsk i lærarutdanninga, seier Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag.

No kjem det støtte frå andre hald. I eit ordskifte med Forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland på NRK sa språkprofessor Finn Erik Vinje at han ikkje hadde noko tru på framlegget.

- Ein har bruk for norsk skriftleg og munnleg i samfunnsfag, i historie og i andre fag. Då må ein ha ein trygg og sikker rettleiar i det norske språket i klasserommet. Norskfaget står i ei særstilling, det gjennomsyrer heile skulen. Intensjonen er sikker god, men mitt inntrykk er ofte både departementet og direktoratet hersar for mykje med norskfaget.

Vinje ynskjer at ein kostar støvet av eit gamalt slagord.

- Alle lærarar er norsklærar. Dei skal fylgje med på elevane sin språklege utvikling, rettleie dei og korrigere dei.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no