Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 14. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Styret i Språkrådet stiller seg bak nynorskkrav

 (19.02.2009)

Styret i Språkrådet meiner at staten bør leggje til grunn dei same prinsippa og stille dei same krava til redaksjonell bruk av nynorsk i dei riksdekkjande avisene, som til dei privatåtte radio- og fjernsynskanalane.

Dette går fram av eit styrevedtak i Språkrådet i dag. Samstundes tilrår Språkrådet at det kjem støtteordningar som målretta kan styrkje nynorske aviser og leggje grunnlaget for fleire nynorske aviser. Styrevedtaket vart gjort med fem mot to stemmer. Fire av sju styremedlemer er bokmålsrepresentantar.

I vedtaket legg styret i Språkrådet vekt på at momsfritaket for aviser er eit gode frå fellesskapen og representerer ei pressestøtte til norske mediehus på godt over éin milliard i året. Samstundes nektar dei mediehusa som får mest støtte, journalistane sine å skrive nynorsk. Dette reduserer i fylgje Språkrådet det språklege mangfaldet i Noreg og gjev lesarane eit dårlegare tilbod.

Språkrådet merkar seg at nynorskkravet til TV2 og P4, i tillegg til NRK, aldri har vore sett på som noko brot på grunnleggjande presseprinsipp eller i strid med redaktørplakaten. Språkrådet meiner at staten bør leggje til grunn dei same prinsippa og stille dei same krava om redaksjonell bruk av nynorsk i dei riksdekkande papir- og nettavisene, som til privatåtte og riksdekkjande radio- og fjernsynskanalar som må ha konsesjon.

Momsfritaket er ei indirekte og stor støtte til utgjeving av bøker og kulturtidsskrift, i tillegg til aviser. Språkrådet meiner at det er svært viktig å halde på denne ordninga. Innanfor litteratur stimulerer staten gjennom ulike støtteordningar norske forlag til å gje ut fleire bøker på nynorsk. Det finst inga slik aktiv støtteordning for aviser når det gjeld å fremje nynorsk, og dette ynskjer Språkrådet at regjeringa tek opp alt i samband med stortingshandsaminga i mars av stortingsmeldinga om språk, "Mål og meining".

Pressemelding Språkrådet.
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no