Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

-Heilt feil

 (20.02.2009)

Køyrelærar Per Ove Sercan Husevik rår elevane sine til å ta teoriprøva på bokmål. I fylgje Haugesunds Avis meiner han at språket i den nynorske versjonen er framand og vanskeleg tilgjengeleg og bidreg til høgare strykprosent. Berre tull, meiner nestleiar Håvard B. Øvregård i Noregs Mållag.

– Det finst mange negative fordommar mot nynorsk, og dette utspelet er med på å underbyggja desse. Likevel har eg ikkje særleg tru på at denne køyrelæraren utgjer ein trussel mot utbreiinga av nynorsk, seier Øvregård til avisa.

Han meiner det er langt verre om den nynorske versjonen av teoriprøva faktisk ikkje når inn til kandidatane.

– I staden for å skremma elevane frå å velja nynorsk, bør køyreskulane venda seg til Vegdirektoratet og melda inn eksempel på språk som verkar forvirrande eller uklart for kandidatane. Forståing er viktig, og dette er eit ansvar som dei må ta på alvor, seier Øvregård som uroar seg over at det ikkje finst lærebøker i trafikkopplæring på nynorsk.

Køyrelæraren trekkjer ord "attsøkjingsrett" og omgrep som "bil til gøymings" som skal tyde oppbevaring, som dømer på kor vanskeleg det kan vera med nynorsk.

Rådgjevar, Per Gunnar Veltun, i trafikkseksjonen i Vegdirektoratet seier at køyrelæraren uttaler seg på sviktande grunnlag.

– Eksempla han dreg fram er brukt i verken spørsmål eller svar i teoriprøva i dag, seier Veltun.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no