Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 14. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

NSB må bruka dialekt

 (23.02.2009)

– At bokmålet dominerer i stoppestadsoppropa på kollektivtransport, kan føra til at bokmålsuttalen av stadnamn blir norma, og at den opphavlege seiemåten dermed forsvinn, seier Jens Kihl, leiar i Norsk Målungdom.

Tidlegare var det konduktøren som fortalde kva stoppestad som var den neste. I mange av dei nye toga er dette erstatta med ei innspelt kvinnerøyst, og alle stasjonsnamna blir lesne opp på normert bokmål.

- Dette burde vera ei smal sak for NSB å ordna opp i. Det er viktig å vera medviten på dialekten sin og korleis ein snakkar. I dag blir dialektane utsett for sterkt press frå bokmål i alle samfunnsområde, og då hjelper ikkje at stasjonsnamna på alle togstrekningane blir lesne opp på normert bokmål, seier Kihl.

Norsk Målungdom ynskjer å stogga denne utviklinga og kjempar for dialektmangfaldet. Dei norske dialektane er ein viktig del av norsk kulturog mangfald. Difor har dei ein dialektkampanje gåande med namnet «Respekt for dialekt».

Pressemedling NMU
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no