Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ny dagleg leiar i Allkunne

 (25.02.2009)

Eirik Helleve er tilsett som ny dagleg leiar i Allkunne AS, melder Nynorsk Kultursentrum på nettstaden sin. Han skal leie arbeidet med å etablere nettstaden Allkunne.no, ein nynorsk kunnskapsbase på internett.

Eirik Helleve sit frå før i redaksjonen i Allkunne og har mellom anna vore med på å utvikle innhaldsdelen av kunnskapsbasen som blir opna våren 2009. Helleve har også solid erfaring frå arbeid med nynorsk skriftkultur og Internett frå si tid som dokumentasjonsleiar i Ivar Aasen-tunet.

Det Norske Samlaget og Nynorsk kultursentrum (Ivar Aasen-tunet) har samarbeidd i mange år for å utvikle dette tilbodet, og er eigarane bak Allkunne AS. Med tilsetjinga av Eirik Helleve som ny dagleg leiar, vil selskapet etablere seg med kontor på Voss.

– Dette er ein spanande og utfordrande jobb, med mange ting som skal på plass både før og etter at nettstaden vert lansert. Det vert mykje å setja seg inn i, men alt no er det klart at ei av dei viktigaste oppgåvene er å få med fleire forfattarar, og folk som vil vera med, må gjerne ta kontakt, seier Helleve.

Nynorsk Kultursentrum
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no