Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Greitt med nynorsk likevel

 (25.02.2009)

Manusforfattar Ståle Stein Berg fekk ikkje lov til å levere tekst på nynorsk til Norsk Litteraturfestival på Lillehammer. No snur festivalen.

Berg skulle skrive ei innleiing til programmet om eit filmprogram som han har sett saman. Då han leverte teksten fekk han melding om at den måtte vera på bokmål. Berg sette då teksten om til bokmål.

- Det er pussig og svært overraskande at ein litteraturfestival ikkje vil ha nynorsk i programheftet, sa Berg til Bergens Tidende.

Etter at avisa tok kontakt med festivalen, snudde festivalen.

- Det var ein glipp og me seier oss leie om Berg føler seg diskriminert. Me kjem aldri meir til å be nokon setje om frå nynorsk til bokmål, seier kunstnarisk rådgjevar Endre Ruset til avisa.

Les òg Asbjørn Kristoffersen sin kommentar i BT.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no