Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ønskjer meir nynorsk i barnehagen

 (25.02.2009)

Mållaget ber barnehagar i nynorskkommunar å velja nynorske songar og barnebøker.

- Det er ikkje alltid samsvar mellom språkpolitikken i barnehage og skulen i same kommune påpeikar skulemålskrivar Ingar Arnøy i Noregs Mållag og leiar i Suldal Mållag Wenche Haugen Havrevoll til Stavanger Aftenblad.

I gamle dagar var det skulespråket som la premissane for barns språkutvikling. Slik er det ikkje lenger, mellom anna fordi språkbruken på fritida får stadig større påverking. Mållaget ber difor ordførarane i nynorsk-kommunar vere med og sikre at ungar møter nynorsk, blant anna i barnehagen.

- Di fleire som kan nynorsk, di mindre vil skepsisen bli mot målforma, hevdar Arnøy, og viser til at eit samrøystes Storting har gjort vedtak om at alle i Norge skal ha moglegheiter til å bli tospråklege.

- Den beste måten å bli to-språkleg, er å ha nynorsken i botn, for bokmålet får me inn gratis. Dei som veks opp med nesten berre bokmål, blir i bestefall halvannan-språklege, seier Ingar Arnøy.

Utdanningsnytt.no
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no