Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Avgjerd i løpet av fire veker

 (26.02.2009)

Tine har tidlegare gitt uttrykk for at avgjerda om framtida til nynorske mjølkekartongar skulle kome i løpet av våren ein gong. I eit intervju med NRK Sogn og Fjordane seier kommunikasjonssjef Kari Raunedokken at det skal skje i løpet av fire veker.

Tine vil effektivisere drifta og ynskjer å vera meir einskapleg i uttrykket. Kommunikasjonssjef Kari Raunedokken i Tine seier til NRK Sogn og Fjordane at det er mykje å spare, i fylgje NRK Sogn og Fjordane 1 million kroner.

- Me har ulike leverandørar av kartongar, og logistikken blir utfordrande når me må sende nynorske kartongar til der dei snakkar nynorsk og bokmålskartongar til resten. Difor vurderer me no å lage anten nynorskkartongar eller bokmålskartongar slik at heile landet får lik kartong. Til dømes kan lettmjølk heite lettmjølk over heile landet og heilmjølk kan heite helmelk over heile landet, seier Raunedokken.

Henning Rivedal i Leikanger Mållag tykkjer ikkje at det treng å vere ein dårleg idé.

- Tine har jo aldri heilt greidd å produsere kartongar på nynorsk til nynorskdistrikta, så me vil vel neppe merke den store skilnaden om dei let det vere med at lettmjølk blir lettmjølk og alt det andre på bokmål. Det vil jo bety at bokmålsfolk kan drikke nynorskmjølk, og det tykkjer eg er eit framsteg, seier Rivedal til NRK Sogn og Fjordane.

Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag, er skeptisk til om dømet som Raunedokken nemner i intervjuet faktisk er eit reelt alternativ.

- Eg er uroa for at dette berre er ein måte å bli kvitt nynorsken på. Det kan hende at Tine vurderer å gjere lettmjølka nynorsk over heile landet, men eg redd for at dei i staden skal lande på eit mykje mindre produkt som t.d. heilmjølk eller kulturmjølk. Det er mogleg å effektivisere utan å gøyme nynorsken heilt vekk, anten ved å bruke han på nokre av dei mest populære produkta eller ved å gjere alle kartongane tospråklege, seier Myklebust.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no