Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Rekkedal skal få notata sine på nynorsk

 (02.03.2009)

Ottar Rekkedal meinte at Sykehuset Innlandet dreiv med språkleg rasisme og klaga til leiinga med kopi til Kultur- og kyrjedepartementet. Sjukehuset lovar no å skjerpe seg.

- I to år har eg diktert på nynorsk, konsekvent får eg attende mine notat på eit dårleg bokmål. Formuleringane mine som skulle vere eksakte og spesifikke er vatna ut og knapt å kjenne att. Dette må eg sette min signatur på og godkjenne. Ikkje berre skal eg stå inne for formuleringar som eg ikkje har laga, men eg skal og stå inne for at eg er språkleg evnukk, skreiv Rekkedal i eit brev adressert til adm.dir. Bente Mikkelsen i Helse Sør-Aust RFH. Rekkedal har sendt ein kopi til Kyrkje- og Kulturdepartementet.

I november fekk han svar frå sjukehuset. "Sykehuset Innlandet vil skjerpe inn praksisen, slik at Dr. Rekkedals diktat heretter blir gjengitt ordrett." No skriv gd.no at departementet òg har konkludert - og gjev full støtte til nynorsklegen. I brevet til Helse Sør-Aust RHF slår departementet fast at dei tilsette står fritt til å nytte sin eigen målform i sine notat, og at dei som skriv ut den dikterte teksten må fylgje den målforma som brukast av han som har skrive teksten. Dei viser til målloven og likeverds- og likestillingsprinsippet.

- Saka er viktig for meg. Det er sårt å ikkje bli teke på alvor. Denne saka har stadfesta at det sjølv i eit føretak som Helse Sør-Aust er greitt å mobbe nynorskbrukarar. Eg skulle ynskje at Helse Sør-Aust var meir opptekne av likeverd for sine tilsette. I to månader har eg kjempa for å få nynorsk retteprogram på maskina mi. Eg får ikkje eingong svar, hevdar nynorskforkjemparen til avisa.

-Språkrasisme

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no