Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ungdomspartia stør vedtaket i Språkrådet

 (03.03.2009)

"Kvifor er det så viktig for dei å halde nynorsken ute? For oss verkar dette som ei utdatert haldning. Verda endrar seg, men storavisene syner ingen vilje til fornying", skriv leiarane i SU, AUF og Senterungdomen i eit lesarinnlegg i Dagbladet.

Mali Steiro Tronsmoen, leiar i Sosialistisk Ungdom; Martin Henriksen, leiar i Arbeidaranes Ungdomsfylking og Christina Ramsøy, leiar i Senterungdomen, meiner at <a data-cke-saved-href="http://www.nm.no/tekst.cfm?id=2810" href="http://www.nm.no/tekst.cfm?id=2810" self"="" class="link">Språkrådet har eit godt poeng når dei hevder at aviser som nyt godt av momsfritak bør opne opp for nynorsk på redaksjonell plass. Dei går dermed mot Kulturminister Trond Giske sitt standpunkt om at dette er å bryte seg inn i den redaksjonelle fridomen.

"Dei store avisene går hardt ut mot styret i Språkrådet som ynskjer å knyte momsfritaket til at avisene opnar for nynorsk. Hovudargumentet deira er redaksjonell fridom. Dette er eit synspunkt vi sjølvsagt deler. Vi meiner likevel Språkrådet har eit betre poeng når dei peikar på at nynorskkravet til NRK, TV2 eller P4 aldri har vore debattert som ei knebling av den redaksjonelle fridomen. Ingen vil nekte redaksjonar å ytre seg fritt. Men bør redaksjonane kunne nekte journalistar å ytra seg på meir enn berre bokmål? Dette handlar om kva staten skal bruke pengane sine på" skriv innsendarane.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no