Tine har invitert Mållaget til møte der dei vil fortelje om det i framtida kjem til å vera råd å kjøpe Tinemjølk eller om ein må greie seg med Tinemelk.
- Eg er utruleg spent på kva det endar opp med, og håpar at det blir meir nynorsk på mjølkeprodukta, seier Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag til Nationen.
Bakgrunnen for møtet er at Tine ønskjer å effektivisere drifta. I tillegg ønskjer verksemda å ha eit meir heilskapeleg uttrykk og vurderer difor om dei berre skal ha bokmål på visse typar mjølkekartongar over heile landet. Kommunikasjonssjef Kari Raunedokken i Tine seier til avisa at dei formelt sett ikkje har noko språkansvar.
- Men Tine er eit samvirke med eigarar over heile landet, så eg tykkjer vi har eit samfunnsansvar, seier Raunedokken.
- Avgjerd i løpet av fire veker