Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kritisk til "Sandnesmodellen"

 (09.03.2009)

- «Sandnesmodellen» bryt med det som i over hundre år har vore vanleg i opplæringa i nynorsk hovudmål og han bryt med det som no er vanleg i Europa. Kva pedagogisk grunngjeving har Sandnes kommune for sin eigen spesielle modell?, spør Jon Todal, styremedlem i Noregs Mållag.

Stavanger Aftenblad har hatt fleire oppslag om at nynorsk er på veg attende som skulemål i Sandnes. Talet på nynorskelevar er halvert på ti år. Helga Robberstad i Sandnes Mållag seier til avisa at dette har fleire grunnar.
- Den store endringa byrja då seksåringane starta på skulen. Det vart sagt at dei ikkje skulle byrje å lese og skriv i første klasse, og at ein difor ikkje trengte å velje språk. Dermed vart klassane etablert utan nynorsk.

Får ikkje elevlister
Vidare peikar Robbestad på at endringa frå klasse til gruppe skapte mykje uro. Foreldra vart usikre på om ein kunne krevje eigen klasse for nynorskelevar. Det meiner ho at det ikkje er nokon grunn til å tvile på.
- Elevane på barneskulen har dei same rettane no som tidlegare. Om dei er meir enn ti elevar, så har dei rett på undervisning i eigne grupper i teoretiske fag. Dette har ikkje endra seg, seier Robberstad til avisa.
Problemet for foreldra er at dei ikkje får noko høve til undersøke om det er andre ungar som kunne vera interessert i å vera med i ein slik nynorskklasse. Kommunen seier at det er opp til foreldra å krysse av for målform ved innskrivinga. Ynskjer ein å kontakte andre foreldre må ein ta kontakt med rektor ved skulen.
- Datatilsynet har sete visse grenser for kva type informasjon skulen kan senda ut. Foreldre som ønskjer nynorsk for borna sine, kan kontakta rektor ved skulen og få utdelt klasseliste for den klassen barnet deira går, eller skal gå i. Skulane er ikkje ferdige med opptaket og dermed eksisterer ikkje listene for 1. klassane enno, seier Harald Nedrelid, rådgjevar i fagstab oppvekst i Sandnes kommune til Stavanger Aftenblad.

Sjå til andre land
Sidan det i utgangspunktet ikkje er nok elevar til å skipe nynorskklassar, må dei elevane som vil ha nynorsk som hovudmål gå i språkdelte klassar. Dette er Jon Todal kritisk til. I eit innlegg i avisa syner han både til tradisjonen i Noreg og kva som er praksisen i andre land i Europa.
"I den nesten totalt engelskdominerte byen Glasgow i Skottland er det såleis eigne skular der opplæringsmålet er skotsk-gælisk. Og det viser seg at elevane med ein slik modell blir gode både i skotsk-gælisk og engelsk. Dette er no ein trend mange stader i Europa.
Overført til Noreg vil dette bety at nynorskelevar må få all si opplæring, alle sine lærebøker, alle tavleskriving, alle skriv frå skulen og så vidare på nynorsk. Ved det vinn dei at dei blir gode i to skriftspråk, nynorsk og bokmål. Men slik er diverre ikkje opplæringa organisert i Sandnes. «Sandnesmodellen» bryt med det som i over hundre år har vore vanleg i opplæringa i nynorsk hovudmål (alt på nynorsk), og han bryt med det som no er vanleg i Europa (alt på minoritetsspråket). Kva pedagogisk grunngjeving har Sandnes kommune for sin eigen spesielle modell?", spør Jon Todal.
 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no