Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

- Skuffa over Tine

 (09.03.2009)

Noregs Mållag er skuffa over Tine når dei no fjernar mjølk frå logoen sin og byter det ut med melk. Verksemda vil til kvar tid ha nynorsk tekst på ein av åtte ulike søtmjølkskartongar, men namnet skal alltid vere TineMelk.

- Tine seier at det no vil bli meir nynorsk på mjølkekartongane, men det kjem an på auga som ser. Det vil vere fleire kartongar som har nynorsk tekst, men det vil altså bli umogleg å kjøpe TineMjølk. Det er overraskande at Tine med sine tradisjonar og med sin særeigne eigarstruktur ikkje tek meir omsyn til at me har to offisielle målformer her i landet, seier Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag.

Myklebust lovar at Mållaget skal arbeide for at Tine skal gjere om vedtaket.

- Eg reknar med at våre lokallag vil reagere på dette vedtaket, og me vil arbeide politisk for å få endra det. Tine har teke eit steg vekk frå røtene sine i retning av einsretting og sentralisering. Dette kunna ha vore løyst på andre måtar som hadde vore like kostnadseffektive, samstundes som dei hadde teke omsyn til nynorskbrukarane, seier Myklebust.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no