Etterutdanning i nynorsk
(11.03.2009)
Regjeringa ynskjer å satsa stort på etter- og vidareutdanning av lærarar: 119 millionar kroner skal brukast på dette i 2009. Det er eit tiltak Noregs Mållag er svært glad for. Statsrådane seier at etterutdanninga i fyrste rekkje skal myntast på fag og fagemne som på landsbasis må styrkjast.
Jamfør Statistisk Sentralbyrå har 75 % av grunnskulelærarane allmennlærarutdanning. Heilt sidan allmennlærarutdanninga vart sett i verk, har studentar etterlyst særskilt undervisning i nynorsk og ikkje minst metode- og didaktikkundervisning for nynorsk som sidemål. I heile denne perioden veit me at mange studentar er vortne sertifiserte til å undervisa i nynorsk både som hovudmål og som sidemål utan å meistra nynorsk godt nok. Det kjem fram i samtalar med lærarane sjølve. Resultatet av denne stoda har vorte at titusenvis av elevar i same periode har fått undervisning i nynorsk av lærarar som ikkje meistrar nynorsk godt nok. Dét fører igjen til dårlegare undervisning enn naudsynt, og dermed dårlegare kunnskapar og haldningar hjå elevane. Dei same elevane skal seinare bli lærarhøgskulestudentar, og denne negative spiralen i kunnskapsnivået må stoggast.
I stortingsmelding nr 11, Læreren – rollen og utdanningen, viser Kunnskapsdepartementet til ei gransking frå USA. Der vert det peika på at «ukvalifiserte og lærere med manglende eller svak kompetanse var den mest negative faktoren for elevresultatene». I same rapporten kjem det fram kva kjenneteikn ved lærarkompetansen som har best effekt; fagkunnskap.
Det er også svært sannsynleg at mange som er lærarar i dag, både treng og ynskjer meir undervisning i nynorsk og nynorsk fagdidaktikk.
Noregs Mållag er glad for at norskfaget er eitt av dei prioriterte faga i strategien frå departementet. Me reknar med at departementet tek initiativ til og utfordrar skulane særleg til å bruka denne sjansen til etter- og vidareutdanning i nynorsk språk- og fagdidaktikk.
Fråsegn frå styret i Noregs Mållag
|
|