Jens Kihl, leiar i NMU, skal som ein av to ungdomar representere Noreg i Sameinte Nasjonar si generalforsamling i oktober. - Eg gler meg, seier Kihl.Sidan 1971 har Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar saman med Utanriksdepartementet samarbeidd om å sende ungdom til verdsmetropolen New York der dei er deltakarar på SNs generalforsamling. Noreg er blant få land som har eigne ungdomsrepresentantar i den offisielle delegasjonen. Tidlegare ungdomsrepresentantar er Arne Treholt, Erik Solheim, Kristin Halvorsen, Trine Skei Grande og Jens Stoltenberg.
- Det er eit spanande høve eg har fått, og det er med stor respekt eg reiser til SN si generalforsamling, seier Kihl. Kva eg skal snakke om har eg ikkje heilt landa på enda, men eg har fleire idear som eg vurderer om dagen. Det er ikkje mange ungdommar som får høve til å snakke i FN, og eg vil bruke anledninga på ein best mogleg måte, seier Kihl til
sv.no.