Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Fuglevik vraka

 (13.03.2009)

Tor Fuglevik, styremedlem i Språkrådet og direktør i MTG, var innstilt som vara til styret i Oslo Redaktørforening. Det vart han ikkje. Grunnen var at han har kome med framlegg om å knyte bruk av nynorsk opp mot momsfritaket til avisene.

Oslo Redaktørforening er eit lokallag av Norsk Redaktørforening, og valkomiteen hadde innstilt Fuglevik som fjerde vararepresentant. Men då vart det ordskifte på årsmøtet. Tidlegare Aftenposten-redaktør Einar Hanseid tok ordet og sa i fylgje NA24.no klårt frå om at det ville han ikkje ha noko av. Han meinte at folk som ville opne for at staten kunne bryte seg inn i den redaksjonelle fridomen til avisene ikkje burde sitje i styret. Og slik vart det.

Fuglevik var ikkje sjølv på møtet og seier til NA24 Propaganda at han ikkje tek nederlaget så tungt.

-Etter det eg har fått referert i ettertid prioriterte eg tydelegvis feil i år, seier han i fylgje nettstaden.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no