Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Forsøk eller fusk i norskfaget?

 (17.03.2009)

Nynorsklaget skipar til ein dagskonferanse 27. mars om sidemålsforsøk i ungdoms- og vidaregåande skule. Der vil dei mellom anna leggje fram ei undersøking av ulike sidemålsforsøk rundt om i landet.

Nynorsklaget har organisert ei undersøking, der dr. art. Steinar Aas analyserer forsøk med nynorsk som sidemål ved ungdomsskolar i Nord-Trøndelag og Vestfold. Aas har òg granska evalueringane av forsøk med eksamen i sidemål til jul i tredje klasse ved 20-30 vidaregåande skolar over heile landet. På dette dagseminaret legg Nynorsklaget fram resultatet av granskingane.

I tillegg blir det innleiingar ved Benthe Kolberg Jansson og Bjørn Kvalsvik Nicolaysen.

Sjå heimesida til Nynorsklaget for meir infomasjon.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no