Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Klarspråk

 (17.03.2009)

Prosjektet «Klart språk i staten» er no lansert nettstaden klarspråk.no. Prosjektet er eit samarbeid mellom Direktoratet for forvaltning og IKT og Språkrådet.

I tildelingsbrevet for 2008 fekk Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) i oppdrag av Fornyings- og administrasjonsdepartementet (FAD) å «arbeide med enklare språk og meir tilgjengeleg innhald i offentlege publikasjonar og brev retta mot innbyggjarar (bl.a. saman med Språkrådet)».

– Fleire verksemder er allereie i gang med å betre språket, men eg vil at enda fleire tek ansvar for dette viktige arbeidet, som fremjar demokratiet og skaper tillit, seier statsråd Heidi Grande Røys.

– Vi veit at innbyggjarane vil ha eit enklare og meir forståeleg språk. Ei undersøking viser at nær 40 prosent synest at offentlege styresmakter legg for lite vekt på å skrive forståeleg. Eg oppmodar difor alle statlege leiarar og kommunikasjonsmedarbeidarar til å ta ansvar for å betre språket, seier fornyingsministeren.

– Eg oppmodar òg innbyggjarane til å sende inn døme på dårleg språk til prosjektet, og til å ta del i diskusjonar som fremjar eit klart språk. Send inn brev, skjema og brosjyrar som de synest er vanskelege, oppmodar Heidi Grande Røys.

Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) og Språkrådet samarbeider om å drive prosjektet «Klart språk i staten» fram til 2011.

Pressemelding Direktoratet for forvaltning og IKT
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no