Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målpris til Rein

 (17.03.2009)

Rogaland Mållag gir målprisen til 2008 til forfattaren Arild Rein.

2008 var kulturbyåret der porten i skulle vera open for kulturelt og kunstnarleg mangfald. Men nynorsk språk og kultur blei i alt for liten grad ein del av 2008. Det blei mykje spektakulær engelsk, resten var bokmål, bortsett frå nokre vakre nynorske titlar: Open port (!), men ikkje minst Himlaleite, Kyrkjelyd og Desse auga. Rogaland Mållag trur desse prosjekta er blant dei som kjem til å bli hugsa best ’ittepå’ – og at det i så fall har med språk og språkleg identitet å gjera.

Det nynorske høgdepunktet i 2008 var likevel at ”heile byen” valde Kaninbyen av Arild Rein som den romanen ”heile byen” skulle lesa. Prosjektet var styrt av lesarane sjølve. Dei diskuterte. Somme fryda seg. Somme reagerte med forarging og sinne – over den pessimistiske skildringa av Stavanger etter oljerikdomen. Somme reagerte på språket, for Kaninbyen viser fram folkemålet i all sin mangfaldige – og forskrekkelege - velde. Rogaland Mållag gler seg over at Rein har valt å skriva ein heil Stavangertriologi på nynorsk, og trur at språket er ein viktig dimensjon ved det som har gjort bøkene til slik ein suksess.

Nynorsk er vakkert i poesi, det har ein høyrt mange gonger. Nynorsk er funksjonelt til kvardags. Nynorsk er tøfft i Kaninbyen. Arild Rein får Målprisen 2008 for sin tøffe og skitten-urbane nynorsk, i det elles så språkleg pyntelege kulturbyåret.
 

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no