Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Rogaland vil ha TineMjølk!

 (17.03.2009)

TINE meierier vil no fjerna ”mjølk” frå kartongane sine og erstatta med ”melk”. Rogaland Mållag ser dette som eit språkpolitisk vedtak som svekkar den posisjonen nynorsken har hatt i Tine.

Tine hevdar at dei vil kompensera med til ei kvar tid å bruka nynorsk på ei tekstside på ein av fire søtmjølksvariantar, som vil bli brukte over heile landet. Men ”Mjølk” som produkt og merkevare vil bli borte.

Det er overraskande at Tine med sine tradisjonar og særeigne eigarstruktur ikkje tek meir omsyn til den minste av dei to norske målformene. Ordet mjølk står også i Bokmålsordboka og er ei vanleg og ukontroversiell form i faglitteratur og publikasjonar. Ikkje minst er ”mjølk” vanleg i dialektane, langt ut over dei nynorske kjerneområda.

Tine markerer med dette aktivt avstand til nynorsken. Tine har teke eit steg vekk frå røtene sine i retning av einsretting og sentralisering. Saka kunne ha vore løyst på andre måtar som hadde vore like kostnadseffektive, samstundes som dei hadde teke omsyn til nynorskbrukande bønder og mjølkedrikkarar.

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no