Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Klepp inn i LNK?

 (18.03.2009)

Klepp Mållag har oppfordra Klepp kommune til å melda seg inn i LNK, men formannskapet ville ikkje endeleg bestemma om kommunen skulle melda seg inn. Ordføraren meinte at dette var ei så ømtolig sak at kommunestyret måtte få seie sitt.

Framlegget om å melde seg inn i Landssamanslutninga for nynorskkommunar (LNK) vart fremja av varaordførarar Torbjørn Hovland (KrF).

– Eg foreslår at me melder oss inn. Nynorsken er under press, samtidig som ein ser meir bruk, blant anna i media. Foreldre skal sjølvsagt ha rett til å velja målform for sine barn, men eg tykkjer at det er urovekkjande at over halvparten av elevane på Orstad skule har bokmål som sitt hovudmål. Nynorsk har med identitet og røter å gjera, og burde stå sterkt her i Klepp, meinte Hovland i fylgje Jærbladet.

Framlegget møtte motbør. Sigmund Rolfsen (Ap) fremja eit motforslag om å ikkje melde seg inn i LNK.

– Eg er negativ til dette. Eg trur at mållaget vil forventa at kommunen skal vera ein aktiv part, og ikkje bare eit passivt medlem. Dessutan har me og bokmålsfolk i kommunen. Det blir feil å velja side, meinte Rolfsen i fylgje avisa.

Framlegget til Hovland gjekk i gjennom med fem mot fire røyster, men saka må vidare til kommunestyret før ei eventuell innmelding.

– Dette er ei ømtolig sak for mange, så eg tykkjer det blir rett at alle får sjansen til å seie sitt, sa ordførar Elfin Lea (H) under måndagens formannskapsmøte.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no