Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 10. DESEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Vinterseminar 2019 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målpris til TV2

 (19.03.2009)

Programleiar Odd Reidar Solem i TV2-nyhetene tek mot Målprisen 2009 frå leiaren i Hordaland Mållag, Einar Ådland (t.h.). Prisen er ein akvarell av garden Kjeåsen i Eidfjord laga av biletkunstnaren Liv Jorunn Skjold.(Foto: Arne Apold).

TV2-nyhetene fekk laurdag 21.mars Målprisen 2009 frå Hordaland Mållag for dugande og omfattande bruk av nynorsk og dialekt i programverksemda.

Prisen vart delt ut på fylkesmållaget sitt årsmøte i Bergen.

- Gjennom det daglege arbeidet sitt syner medarbeidarane i TV2-nyhetene at nynorsk og dialekt er famifrå, smidige og effektive reiskapar for kringkastings-journalistar i alle emneområde og i alle situasjonar, sa leiaren i Hordaland Mållag, Einar Ådland, då han gav prisen til programleiar Odd Reidar Solem, som tok mot på vegner av institusjonen sin.

- Denne aktive nynorsk- og dialektbruken, i så stort omfang og med så gode resultat, er utan minste tvil av dei kreftene som medverkar sterkast til at nynorsk tale- og skriftmål har ei sterk og respektert stilling i landet vårt, sa mållagsleiaren.

Odd Reidar Solem takka varmt for påskjøninga. Han sa at nynorsk høver særs godt som kringkastingsmål, m.a. for di det er lett og smidig å bruka og ikkje plaga av substantivsjuke og tunge setningar.

Pressemelding Hordaland Mållag
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no