Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Heider til Kystradioen

 (20.03.2009)

Redaktør Vigleik Brekke i Kystradioen i Bergen får Hordaland Mållag sin Målblome 2009, som honnør for stor innsats for nynorsken og samfunnet i det heile.

Kystradioen har hatt sendingar i nære på tjuefem år, men må no snart slutta verksemda si fordi Medietilsynet ikkje har oppattnya konsesjonen til radioen. Kystradioen har ein kristen, og i stor mon nynorsk og dialektprofil. Kanalen har mange lydarar særleg i kommunane Askøy, Fjell, Sund, Øygarden, Austevoll og Bergen, men også i andre delar av Hordaland. Leiaren i Hordaland Mållag, Einar Ådland, seier det er med stor sorg lydarane no må slå fast at det er slutt for Kystradioen.

- I sin visdom fann Medietilsynet ut at andre kom med tilbod om fleire sendetimar og dermed skulle dei få overta. Kvantiteten vann over kvaliteten. Mange, både målfolk og andre er opprørte over det som har hendt, som er ei krenking av det språklege og kulturelle mangfaldet i Hordaland. Etter mitt syn bør denne og andre konsesjonssaker få eit politisk etterspel, der våre fremste folkevalde tek seg tid til å drøfta om det kan vera rett at byråkratar i eit forvaltningsorgan som Medietilsynet skal få fullmakt til å avgjera kulturpolitiske saker og verdispørsmål med til dels særs uheldige fylgjer for lokalsamfunn og store lydargrupper.

- For nynorsken er dette eit stort tap. Kystradioen har ein klår nynorsk profil. Redaktøren og andre medarbeidarar brukar nynorsk på framifrå vis.

Vigleik Brekke er ein høgt respektert veteran i lokalradioarbeidet her i landet. I Kystradioen har han vore med sidan starten i mai 1984 som styreleiar og medarbeidar. Redaktør har han vore sidan hausten 1988. Han er styreleiar i Norsk Lokalradioforbund. Som informasjonskjelde for politikarar og andre med ansvar og interesse for lokale tilhøve i dei aktuelle kommunane har Kystradioen sine sendingar vore obligatoriske gjennom snart eit kvart hundreår.

-Vigleik Brekke har praktisert glimrande journalistikk og lagt for dagen sjeldsynt og brennande idealisme i det store arbeidet sitt, sa Einar Ådland.

Tildelinga av Målblomen skjer laurdag 21.mars kl. 18.00 på Grand Hotel Terminus i Bergen.

Pressemelding Hordaland Mållag
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no