Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Tine spelar høgt

 (25.03.2009)

Tine BA sit på ei landsdekkjande undersøking der så mange som 10 % av kundane deira seier at dei meir eller mindre vil slutte å kjøpe mjølka deira, om dei kuttar ut nynorsk på kartongane sine.
- Konsernet skyv marknadsavdelinga framfor seg og skuldar på økonomi og omsyn til forbrukarane, medan dei driv med rein språkpolitikk, seier Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag.

Noregs Mållag fekk presentert undersøkinga på eit møte i januar.
5-10 % av forbrukarane sa at dei ville kjøpe mindre mjølk frå Tine dersom nynorsken forsvann. Marknadsundersøkinga viser at eit stort fleirtal ikkje synest språket på mjølkekartongane er viktig, men at det er viktigare for langt fleire nynorskbrukarar enn bokmålsbrukarar.

- Det er som om Tine BA ikkje lit på si eiga undersøking. Den økonomiske innsparinga var på plass før logoen forsvann. Dei tener ikkje ei einaste krone på å gøyme nynorsken vekk. Likevel gamblar dei med truskapen til opp til 10 % av kundane sine. Om konkurrentar til Tine vil kapre større marknadsdelar, er det gode tider for det no, seier ho.

Undersøkinga viser også at språk ikkje styrer kva mjølkekartong folk vel på butikken. Dei plukkar mjølka ut frå vane og attkjenning av symbol og farge. Tine konkluderer like fullt med at nynorsk i logoen må bort fordi "dei må vege mange omsyn opp mot kvarandre, ikkje minst forbrukaromsyn".

- Tine BA har konstruert ein språkpolitikk for mjølkekartongane der dei utetter kan slå seg på brystet og hevde at det er nynorsk på fleire kartongar. Det hjelper berre så lite når dei degraderer han til éi av sidene. Det einaste dei tilfredsstiller, er deira eigne idear om at bokmålsfolk kanskje vil mislike å få nynorsklogoen på frukostbordet ein gong i blant, hevdar Myklebust.

Facebook-gruppa "Vi vil ha mjølk!" har no kome opp i 4000 medlemmer.
 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no