Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Held på nynorsk kyrkjemål

 (30.03.2009)

Det skal framleis nyttast nynorsk liturgi i Heddal Kyrkjelyd. Det var klårt ei røysting på eit kyrkjemøte.

Kyrkjelyden går dermed motstraums, då alle skulane i Heddal har bytt til bokmål som skulemål.

- Det er arva me må ta vare på, sa Olav Seim på møtet i fylgje avisa Telen. Han meinte ein ikkje måtte late seg styre av bylgjer og trendar, som han samanlikna med dei som hadde ført til at rosemålingar hadde blitt måla over, og at folkedrakter nesten hadde gått tapt.

Då 69 røyster var talde opp, hadde 43 stemt for nynorsk, 23 for bokmål og to hadde røysta blankt.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no