Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 14. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målblomen til Kvinnherad Elektro

 (31.03.2009)

Mållaget har særleg merka seg at all skriftleg brevskrifte vert skrive på nynorsk. Likevel prøver ein å svara på den målforma ein vert tilskrivne på. Verksemda har og avtale med lokalavisene om at alt ferdiglaga annonsemateriell vert omarbeidd til nynorsk. Firmaet er svært nøye på at dette vert gjort. Noko anna som Mållaget har merka seg er at Kvinnherad Elektro er medvitne på å få dei unge i firmaet til å nytta nynorsk.

På spørsmål frå Kvinnherad Mållag seier dagleg leiar for Kvinnherad Elektro AS, Knut Johannes Helvik, at det beste forsvaret for målforma nynorsk, er at ein nyttar eit noko konservativt ordval.

– Alt dette vitnar om eit språkleg medvit som fortener heider og ros, i ein bransje/ verksemd som i mange høve nyttar bokmål, fastslår Mållaget.

Innsida.no
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no