Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 14. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Stør opprettinga av partiet "Ett (skrift)språk"

 (02.04.2009)

Norsklæraren Einar Smørdal har starta partiet "Ett (skrift)språk", som har til føremål å fjerne nynorsken i skulen og forvaltinga. Partiet har fotfeste på Romerike i Akershus. NMU er ikkje direkte negativ til opprettinga av partiet.

- Eg tykkjer det er fint at fleire vil engasjere seg i målordskiftet i Noreg, seier Jens Kihl, leiar i Norsk Målungdom.
- Vi har lenge sakna nokon å debattere språkpolitikk med som er interesserte i å setje seg skikkeleg inn i sakene. Kunnskapslause motstandarar har senka kvaliteten på og interessa for målordskiftet, held Kihl fram. Han poengterer at vi har organisasjonsfridom i Noreg:
- Vi i NMU ville aldri finne på å kritisere opprettinga av eit parti, jamvel om vi er djupt usamde i føremålet deira. Det må vere opp til kvar og ein korleis ein vil engasjere seg politisk, meiner målungdomsleiaren.
- Eg trur diverre tida har løpt frå denne typen politiske organiseringar. Folk flest er ikkje opptekne av å utrydde nynorsken. I ei tid der Odd Nordstoga kan herje hitlistene og Lerum Saft kan reklamere på nynorsk i Oslo sentrum er nok aksepten for tospråksstoda for stor til at partiet "Ett (skrift)språk" vil få særleg stor oppslutnad, utdjupar Kihl. Han sender likevel gode helsingar til partiet og Smørdal:
- Det blir spanande å sjå korleis prosjektet vil utvikle seg. Vonleg får vi i målrørsla ein sparringspartnar som vil skjerpe vår eigen argumentasjon, avsluttar NMU-leiaren.

Pressemelding NMU
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no